|
Håpet ikkje ute for Aker
Aker Solutions har fortsatt sjansen til å byggja Goliat-plattforma.
Sevan Marine sitt konsept for Goliat-feltet vann, men håpet er ennå ikkje ute for Aker.
Fra BT, Ove Olderkjær Publisert: 02. feb. 2009, 09:46
Det er Sevan-konseptet for Goliat-feltet som er valt framfor Aker Solutions’. Det er ikkje teke stilling til kven som skal byggja den gigantiske stålplattforma. Det understrekar administrerande direktør Jan Erik Tveteraas i Sevan Marine. – Ope – Det er ingen binding mellom Samsung-verftet i Korea og oss. Slik eg ser det, er det fullstendig ope med omsyn til kven som skal byggja installasjonen, seier Tveteraas til bt.no. Det blei i dag klart at operatør Eni Norge saman med feltmedeigar Statoil-Hydro har valt Sevan Marine si stålplattform Sevan 1000 for oljeutvinninga på Goliat-feltet ved Snøhvit gassfelt nord-vest for Hammerfest. Aker Solutions hadde utvikla ei tilsvarande rund, flytande plattform med betongunderstell bygt enten ved Hammerfest eller på Hanøytangen på Askøy. Hovudjobben med stålarbeidet på plattforma hadde Aker Solutions tenkt seg utført på Stord og i Egersund. – Dette er eit gjennombrot Sevan Marine skal bruka 2009 til å vidareutvikla konseptet sitt, før Eni Norge deretter sannsynlegvis lyser ut tilbodskonkurranse om sjølve plattformbygginga. – Dette er eit gjennombrot for norsk teknologi. Det viser at norsk offshore-teknologi er i verdsklasse, seier administrerande direktør Jan Erik Tveteraas i Arendal-baserte Sevan Marine.
Les saken i BT!
|