Oceaneering betaler 1,37 mrd for AGR Field Operations
– Kjøparen, Oceaneering, er eit selskap som har komplementære tenester. Det overlappar ikkje, dermed passar me godt saman, seier Åge Landro, konserndirektør i AGR Field Operations til Vestnytt.
AGR Field Operations har spesialisert seg på inspeksjon og styring av vedlikehaldsarbeid på oljeinstallasjonar, har rundt 280 tilsette i Hordaland og totalt 800 i Norge.
Kjøparen, det børsnoterte amerikanske oljeserviceselskapet Oceaneering har hovudkontor i Houston, og har spesialisert seg på fjernstyrte undervassoperasjonar på oljeinstallasjonar.
Ein perfekt match, sier Åge Landro i AGR Field Operations, skriver BT.
Kort fortalt styrer Oceaneering inspeksjonsutstyret til AGR Field Operation. Og medan Oceaneering har sitt norske tyngdepunkt i Stavanger, er Bergensområdet tyngdepunktet for AGR Field Operations.
- Det er inga overlapping, alt utfyller kvarandre på ein fin måte. I den grad det blir endringar er det fordi vi får meir vekst og fleire arbeidsplassar, seier Landro til BT.
|